10 nye år med Atheno inkubator

Fantastisk gledeleg nyheit for Atheno, eigarar og for regionen. Siva har meddelt at Atheno Inkubator har kome med i det nye nasjonale inkubatorprogrammet som varer i 5 år, frå 2016, med moglegheit for forlenging i ytterlegare 5 år, dersom ein innfrir på målsetningar.

Atheno har hatt inkubator dei siste 10 åra, og det har det siste året vorte arbeida mykje for å utvikla konseptet for framtida, og for å få plass i programmet vidare.

Hovudmålet med inkubatorprogrammet er å bidra til omstilling og innovasjon i næringslivet ved å stimulere til utvikling av gode idear og vekstbedrifter i sfæren til allereie etablert industri.
Det å ha så lang horisont gir den forutsigbarhet Atheno treng for å kunna arbeida med nye bedrifter, men det gir også gode rammevilkår for å arbeide tett med eksisterande bedrifter i arbeidet med forretningsmessige innovasjonar og knoppskyting.
Og i den situasjonen regionen er i, er inkubatoren eit av fleire verkty som vil vera særdeles viktig.

Samarbeidet med SIVA og Hordaland Fylkeskommune gir inkubatoren viktige økonomiske rammevilkår, men vel så viktig er det nettverket og den kompetanse ein vert ein del av gjennom samarbeidet med desse aktørane. Gjennom Siva er også Atheno ein del av store nasjonale nettverk som er særs viktige i arbeidet med nye bedrifter.