Styrekurs – Praktisk styrearbeid

Atheno arrangerer komprimert kurs i praktisk styrearbeid onsdag 9.november.
Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar.
Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.

Går du med ein gründer i magen?

Det er mange ulike spørsmål som dukkar opp når ein har ein god idé som ein ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste. 6. september vil Atheno arrangere StartOpp kurs der du vil få ei innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering. Målet er at du etter endt kurs skal ha eit godt grunnlag for å avklare og arbeide vidare med ideen eller verksemda di.