Klar for ein speeddate?
Presentasjonsrunde. Smart oppstart. Etablerartilskot. Nettverk. Speeddate. Seks ord som samanfattar kva du får ein smakebit av på kurset «Fra idé til marked» som Atheno og Innovasjon Norge arrangerer på Stord 4. april.
Presentasjonsrunde. Smart oppstart. Etablerartilskot. Nettverk. Speeddate. Seks ord som samanfattar kva du får ein smakebit av på kurset «Fra idé til marked» som Atheno og Innovasjon Norge arrangerer på Stord 4. april.
I det musikken dundrar gjennom høgtalarane i salen på Amalie Skram VGS i Bergen er sirkuset i gang. Sirkus UE. Dei beste ungdomsbedriftene i Hordaland entrar manesjen for å vise fram kva dei har å by på. Elevar frå Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Stord. Og resten av fylket. Innovative. Framoverlente. Høflege og inspirerande unge lovande.…
Dei enorme bølgene bryt mot plattformskroget. Veret og den dårlege sikten gjer det umogleg for helikoptera å lande på helidekket. Det er berre ein måte evakuere dei om bord på. Via Tectrans sitt teleskoprøyr der offshorearbeidarane kan gå tørrskodd ned på akterdekket til supplybåten som ligg stabilt på plass. I det sistemann er trygt om…
I Narvik sit ein kar i ein taxi. Dører går opp og vert lukka. Alltid eit nytt andlet. Ein ny samtale. Alltid eit høve til å gjere kvardagen litt enklare for den i passasjersetet. Men. Det er alltid eit men. Kvifor skal ikkje det organisatoriske rundt kvardagen betrast? Kvifor skal ein driva med vaktlister på…
Bølgene minner om store hus der dei kjem veltande over reketrålaren. I Barentshavet er det svart. Beksvart. Ute på dekket står ein ungdom og arbeidar med trålen. Det er ein kamp om å halda seg på beina. Men guten er sta og iherdig. Sjølv om det iskalde saltvatnet piskar han i ansiktet, står han på.…
For nokre år sidan sat ein gutunge på 14 år på Varaldsøy og skreiv brev til seg sjølv. Innhaldet var målretta og det inneheldt hemmelege opplysningar. Om han sjølv. Og framtida. – Eg skal starte mi eigen bedrift når eg blir stor! Ja, det sto det. No er guten godt vaksen. Og karen er blitt…
Ove Steinsland er kjend for å bryte bølgetoppane på eit lite seglbrett i høg fart, og for å danse ned dei brattaste fjellsidene på laussnøski. Men siste året har mesteparten av tida gått med til å bygge opp si eigen bedrift saman med kamerat og tidlegare jobbpartnar Bernth Torsvik. Dei har utvikla eit digitalt verktøy…
På Tysnes har ein gjort seg nytte av det ein kan hauste frå havet i hundrevis av år. Notida set nye krav til dei som skal hauste frå den blå åkeren. Fortøyingar til laksemerdar. Fjellboltar på djupt vatn. Alt dette og mykje anna må vere i orden om ein skal lukkast som oppdrettarar. Og det…
Me inviterer deg til kurset “Marknad og moglegheiter”.
Har du lyst til å prøva noko heilt nytt? Arbeida saman med andre og skapa noko? Då er Camp Atheno noko for deg. For fyrste gong i Sunnhordland får du høve til å utvikla ein idé til ein forretningsidé i løpet av ei intensiv helg.
Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar («cookies») for å gi deg ei best mogleg oppleving av nettstaden. Informasjonskapslane vert lagra av nettlesaren din, og bidreg til at nettstaden hugsar deg når du kjem attende til nettstaden vår, og hjelp oss med å analysere trafikken på nettstaden slik at me kan gjere den betre.
Du kan tilpasse dine innstillingar for informasjonskapslar gjennom menyen.
Dei naudsynte informasjonskapslane bør alltid vera aktivert, slik at me kan hugsa valet ditt for aktive informasjonskapslar.
Om du deaktiverer desse informasjonskapslane, så kan me ikkje lagre innstillingane dine. Det betyr at kvar gong du besøker vår nettstad igjen, så er du nøydd til å aktivere eller deaktivere informasjonskapslar på nytt.
Les vår personvernerklæring her.