Byggebransjen samla i nytt Atheno-forum

Onsdag samla Atheno aktørar i lokal byggebransje. Med leiande kommunale representantar frå både Sveio, Bømlo, Fitjar og Stord fekk deltakarane innsikt i kommunane sine framtidige planar for utvikling av bustad- og næringsareal.

Samlinga sist veke hos Atheno samla 28 deltakarar. Frå Sveio stilte ordførar Linn Therese Erve. Ho var tydeleg på at ho ynskjer vekst i Vestland sin sørlegaste kommune, og var offensiv i sine tankar både når det gjaldt tilrettelegging av attraktive bustadområde og tilgang til gode næringsareal for utbygging.

  • For Sveio kommune er det svært viktig å bygge gode bumiljø i eit sterkt sentrum, i tillegg til bygdene. Der må me ha tilgjengelege bustadområder som dekker behovet for innbyggjarar i alle aldrar. Me vil og vise næringslivet at vår gunstige plassering gjer det attraktiv å etablere seg i Sveio. For å få til dette er det avgjerande å ha god dialog med utbyggarar og næringslivet generelt, fortalde Erve.

Den nye kommunedirektøren på Bømlo, Kjetil Aga Gjøseter, la heller ikkje skjul på at dei ynskjer å gjere seg attraktive både for utbyggarar og for dei som ynskjer å busetje seg i kommunen.

  • Me vil legge til rette for eit differensiert og nyskapande arbeids- og næringsliv, og med dette både sikra arbeidsplassar og bidra til rekruttering og tilflytting til Bømlo. Med eit godt planarbeid, god dialog med innbyggarane om deira behov og god dialog med bustadnæringa om kva behov som bør forsøkast dekka i deira framtidige prosjekt, vil Bømlo ha ein bustadmasse som er attraktiv for innbyggjarar i alle livsfasar, seier Aga Gjøsæter.

I tillegg til Erve og Gjøsæter heldt også rådmennene Olaug Haugen (Fitjar) og Magnus Mjør (Stord) gode innlegg om kva som låg i deira kommunar sine planar for dei neste ti åra.

Permanent møteplass for næringa

Det nye byggfagforumet til Atheno har fått namnet «delA». Det er oppstått i kjølvatnet av samlingane med same namn i vinter, og namnet spelar på ei oppmoding til delingskultur der det er mogleg. 

  • I vinter hadde me 25 bedrifter frå byggebransjen med på ei større kursrekke for kompetansepåfyll. I etterkant meldte ein samla bransje eit sterkt ynskje og behov for ein meir permanent møteplass, fortel prosjektleiar i Atheno, Ole Jacob Eide.
  • Ein slik møteplass er viktig med tanke på å få belyst felles utfordringar og moglegheiter, og ikkje minst få kommunisert dette, fortel deltakar og dagleg leiar i GB Bygg, Birger Grov

Ressursgruppe set dagsorden

Grov er oppteken av å betre forholdet mellom utbyggarane og kommunane, og at ein gjennom deltaking i delA-forumet legg til rette for ein konstruktiv dialog som alle partar kan dra nytte av. Atheno vil vere eigar og administrator for fagforumet framover.

  • Me ser også verdien av dette og vil legge til rette for jamlege delA-møteplassar det kommande året. Me har etablert ei ressursgruppe med Erlend Kent frå Multiconsult, Karoline Eldøy frå ABO Plan & Arkitektur og Birger Grov frå GB Bygg. Desse vil i dialog med andre aktørar vere premissleverandørar for kva tematikk som skal løftast opp på samlingane framover, avsluttar Ole Jacob Eide.