Faste kurs og program

Atheno tilbyr fleire ulike kurs via eigne ressursar og via våre samarbeidspartnarar. Me har mange ulike arrangement og kompetansehevingsprogram i løpet av eit år, både for etablerarar og etablert næringsliv. Nedanfor finn du våre faste. Saknar du eit kurs? Tips oss på post@atheno.no

aDigital

Dette er eit kompetanseprogram som Atheno lanserte i 2017. Det er spesielt retta mot strategiske leiarar som ynskjer å styrke konkurransekrafta i si bedrift. Sjekk ut eiga nettside for meir info om programmet og dato for neste programsamling.

Industritanken

Hausten 2018 er det lansering av Industritanken. Dette vil vere ein tenketank for industrien i Sunnhordland, og som skal arbeide med å auke kunnskap og oppslutning om utvikling av industrien i regionen. Industritanken skal jobbe med kunnskapsutvikling- og deling, knytte industri og akademia tettare saman, samt sette agenda og inspirere.

Industritanken er eigd av Atheno AS, og har blitt ein realitet etter initiativ frå medlemsbedrifter i industriklynga. Industritanken er først og fremst utvikla for medlemsbedrifter og -organisasjonar knytt til Atheno AS. Samtidig skal Atheno fremje Sunnhordland som industri-, kompetanse og innovasjonsregion, og samarbeid på tvers av ulike miljø er eit av hovudformåla.

Sjå vår kalender for tidspunkt for komande Industritanken-samlingar.

ACCEL Atheno

ACCEL Atheno på Stord er eit intensivt akseleratorprogram for ambisiøse selskap som ynsker å vekse. Målet er å auke din moglegheit for suksess! Programmet gir deg kunnskap om smidig forretningsutvikling og ulike vekststrategiar. Du får også diskutert dine utfordringa med andre i liknande situasjonar, og du får råd frå våre dyktige rådgjevarar.

Sjå vår kalender for tidspunkt for komande ACCEL Atheno.

StartOpp

Det er mange ulike spørsmål som dukkar opp når ein har ein god idé som ei ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste. Gjennom dette introduksjonskurset vil du få ei kort innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering.

Me vil sjå på enkle grep knytt til forretningsmodellering, og korleis ein kan teste og utvikle ideen ein har. Me vil også vere innom vanlege problemstillingar som du som sjølvstendig næringsdrivande vil kunne møte på.

Målet er at du etter endt kurs skal ha eit godt grunnlag for å avklare og arbeide vidare med ideen eller verksemda di. Du får også møte gründerar og delta i morosam og lærerik gruppeoppgåve.

Økonomikurs

Anten du tenker å starte opp noko, er gründer i oppstartsfase eller kanskje berre treng ei oppfriskning: Ved å forstå det store økonomiske biletet står ein betre rusta til å sjå korleis avgjersler ein tek kan påverke det økonomiske resultatet.

Kurset tek for seg det grunnleggjande rekneskap handlar om, og det vert blant anna praktiske eksempler frå ein friviljung deltakar.

Målsetnaden med kurset er at ein betre skal klara å sjå samanhengar i rekneskapen og sikre sunn drift i verksemda di.

Kurset krev ingen forkunnskapar, og egnar seg godt for dei i etableringsfasen, dei som driv for seg sjølv, styremedlem eller for dei som er i ein eller anna posisjon der kunnskap om rekneskap er eit fortrinn.

Etter kvart kurs vil du få moglegheiten til eit kvarters lynmøte med kursleiar, der du kan ta opp problemstillingar knytt til di bedrift.

Marknadsføring

Korleis utviklar ein gode strategiar for å nå ut til kunden?

Dette er eit kurs som tek for seg dei ulike marknadsføringskanalane, med hovudvekt på dei digitale.Korleis du kan nytte dei ulike plattformane for ein effektiv marknadsføring for di bedrift, og kva er relevant innhald og tematikk på dei ulike plattformane.

Det vert ein gjennomgang av korleis du kan planlegge, strukturere og organisere kommunikasjon gjennom sosiale medier.

Kurset egnar seg både for deg som er i ein oppstart og for deg som skal utvikle ein ny strategi i eksisterande verksemd.

Kontordag Innovasjon Norge

Har du ein god forretningsidé eller eit nyskapande prosjekt der du vurderer å søkje Innovasjon Norge om midlar?

Innovasjon Norge har kontordagar hjå Atheno med jamne mellomrom, der det vert høve for å booke eit møte med dei for å presentere idéen din.

Her har du moglegheiter til å booke møte med Atheno i forkant for å få hjelp til førebuing til møtet.

Ta kontakt med Agnete Braathen for meir informasjon

Kontordag Forskningsrådet

Har du ein god idé til ei nyskaping som krev forsking og utvikling?

Eit par gangar i kvartalet vil du kunne treffe Forskningsrådet hjå Atheno på Verket. Her vil det vere mogleg å avtale møte representanten for forskningsrådet, slik at du får presentert og diskutert idéen din og sjå på kva som krevs for å søkje Forskningsrådet om midlar.

Om du ynskjer hjelp frå Atheno til førebuing i forkant av møtet, så hjelper me deg gjerne! I den samanheng kan også Forskningsrådet sitt eige Prosjektkanvas vere eit nyttig verktøy til utvikling av idé.

Ta kontakt med Kjetil Djuve for meir informasjon

Kjetil 2232
Kontaktperson ACCEL Atheno og kontordager

Inkubatorleiar Kjetil Djuve

982 99 318

kjetil@atheno.no

Atheno 1692
Kontaktperson kurs gründer

Agnete Braathen

48150342 

agnete@atheno.no