Klar for ein speeddate?

Presentasjonsrunde. Smart oppstart. Etablerartilskot. Nettverk. Speeddate. Seks ord som samanfattar kva du får ein smakebit av på kurset «Fra idé til marked» som Atheno og Innovasjon Norge arrangerer på Stord 4. april.

I løpet av 2,5 timar får du ein kortversjon om nyttige ting å tenke på når du skal foredle ideen din. Samtidig får du høve til å gå på «date».

– Dette er verkeleg ein god muligheit til å få tips og inspirasjon til å vidareutvikle ein idé, og ein ypparleg sjanse til å komme i direkte dialog med Innovasjon Norge, fortel inkubatorleiar i Atheno, Kjetil Djuve.

Synleggjer problemløysing

Den direkte dialogen han siktar til er den såkalla speeddaten ein kan få med ein av rådgjevarane i frå Innovasjon Norge.

– For dei som ynskjer eit slikt møte, oppmodar me kvar enkelt til å tenke gjennom ein kort presentasjon av den ideen ein har, og at ein prøver å synleggjere kva behov eller problem ein løyser i ein marknad.

15 minutt

Speeddatinga skjer i lukka rom like etter at fellesøkta på kurset er avslutta. Jo meir presist og forståeleg ein kan presentere ideen sin, dess betre.

– Etter presentasjonen får ein attendemelding frå Innovasjon Norge sin representant. Makstida for ein slik speeddate er 15 minutt, så her er det viktig å nytte tida godt, påpeikar Djuve.

Rådgjevar Ole Jacob Eide og inkubatorleiar Kjetil Djuve i Atheno håpar at mange tek turen når Atheno og Innovasjon Norge arrangerer kurs 4. april i Kunnskapshuset.

Tett oppfølging

Atheno og Innovasjon Norge arrangerte eit liknande kurs i april i fjor. Då var oppmøtet veldig bra.

– Det var nærare 40 deltakarar på kurset i 2016. Både Tysnes, Fitjar, Stord og Bømlo var representert. Mange av desse deltakarane har fått tett oppfølging frå oss og Innovasjon Norge i etterkant. På bakgrunn av den gode erfaringa frå fjoråret håpar me like mange grip sjansen og tek turen i år, avsluttar rådgjevar i Atheno, Ole Jacob Eide.

Du kan nytte denne linken for å melde deg på kurset:

http://www.innovasjonnorge.no/no/Kontorer-i-Norge/Hordaland/arrangementer/fra-ide-til-marked—leirvik/