Korleis styrke di bedrift framover?

Atheno inviterer no små og mellomstore bedrifter til det digitale kompetanseprogrammet «Frå krise til vekst». Me lovar eit svært dagsaktuelt program og eit fyrverkeri av ein kurshaldar.

Programmet som går over 4 månader med ei digital samling per månad vert leia av Morten William Knutsen frå BI i Bergen.

  • Morten William Knutsen er ein foredragshaldar me har nytta før med stor suksess. Han evner å bere fram høgaktuelle bodskap, samtidig som han har ei svært god formidlingsevne, fortel prosjektleiar i Atheno, Nina Østensjø.

Dei fire bolkane er delt opp slik:

1.    Kriseutnytting og kreative prosesser for å utnytte kriser 

2.    Datadriven kundeinnsikt     

3.    Digital forretningsforståing

4.    Digitale marknadsføringsstrategiar

Kompetanseprogrammet har oppstart 9. september.

  • Me har no opna for påmelding. Dette er noko som høver spesielt godt for bedrifter i storleiken 2 – 50 tilsette. For spørsmål, påmelding og tilgong til utfyllande program er det berre å ta kontakt så raskt som råd, avsluttar Østensjø.