Leik med mote

I strikkefabrikken på Fitjar snurrar og dansar trådspolane i eit heftig tempo. Her vert nye kjolar, skjørt og genserar laga med kjærleik for faget. Alle med tidlaust design og av aller høgaste kvalitet. Og kundane vil ha meir. Dei vil ha unike plagg som haustar kompliment i møte med andre. 

Leik Knitwear såg dagens lys for tre år sidan. Ute på vakre Kråko. Sidan den gong har gründer og kledesigner Marie Leiknes jobba knallhardt. Med design, produksjon, forretningsutvikling, kundar og sal.

Eg gler meg til å gå på jobb kvar dag. Men eg må innrømme at eg ein og annan dag lurer på kvifor eg valte dette, seier Marie og ler.

Skal ein lukkast med ei ny merkevare er det ingenting som heiter «vanlege» dagar. Då må dei fleste timane i døgeret nyttast.

Det kan ofte bli lange dagar. Men det må til. På sikt ynskjer eg meg fleire maskinar og tilsette.

Marie med eitt av produkta ho både har designa og produsert lokalt på Fitjar.

For dei med sans for kvalitet

Strikkefabrikken har ho no flytta til det tidlegare Vik/Sandvik-bygget. Her er god plass og fantastisk utsikt utover Fitjar-vika. Langs veggen heng vareprøvar av plagg som mange kvinner berre «må ha». Litt bortanfor står den hypermoderne strikkemaskinen Marie fòrar med nye design.

Eg lagar klede som er tidlause med god passform. Dei som kjøper Leik-plagg skal ha kjensla av å ha noko unikt på seg. Og vite at dei kjøper eit produkt som varer, slår ho fast.

Dialekta røper at Marie ikkje er oppvaksen på Fitjar. 

Eg har budd lengst i Trondheim, men er delvis oppvaksen i USA. Frå eg var 4 – 10 år gamal budde eg i Minnesota.

Ein deilig plass å bu

Marie har også budd eit halvår i Australia og fleire år i Edinburgh i Skottland der ho tok ein bachelor i kledesign. I tillegg har ho ein master frå Kunsthøgskulen i Oslo. Men det er nord på Stord-øya ho har «landa».

Eg synes det er deilig å bu på Fitjar. Her er eg tett på den vakre naturen, og eg kan gå i båten når eg vil. Det hender eg saknar kollektivtrafikken, men det er kort veg både til Oslo og Bergen om eg treng impulsar.

Impulsar haustar ho også lokalt.

Eg har ein herleg hund som eg går mykje tur med. Då tar eg gjerne med meg kamera i same slengen og tek bilete av teksturar i naturen eg vert inspirert av. 

Leik Design nyttar høgkvalitetsgarn for å sikre plagg som varer lenge.

Kursendringar

Marie har lagt om kursen fleire gonger undervegs. 

Det har blitt ganske store forandringar i strategien undervegs. Tidvis har det vore naudsynt med litt «kill your darlings-tankegang». Men eg har hatt gode støttespelarar som har hjelpt meg med dette. Eg har ei mor og ein stefar som har mykje erfaring med økonomi. Dei har vore uvurderlege støttespelarar. Eg har også fått mange nyttige innspel og viktig rådgjeving frå Atheno. I tillegg var eg med på Innovasjon Noreg sitt mentorprogram. Alt dette har vore med å påverke retninga og utviklinga desse tre første åra.

Av salskanalar er det ein som peikar seg ut for augneblinken.

Butikkar utanfor kjedene er viktigast for meg no. Eg har nokre som er gode ambassadørar for meg og som sel godt. Det vert viktig for meg å få fleire slike framover.

Seriemordarar og slikt

Medan trådspolane på Fitjar dansar vidare og blir til nye fantastiske Leik-produkt, set Marie seg ned og legg planane for vidare vekst i selskapet.

Då set eg gjerne på ein krimpodcast i bakgrunnen. Gjerne om seriemordarar og slikt.

Marie ler hjerteleg. Det er rart kva som kan gje inspirasjon i motebransjen!

PS! Sjekk ut Leik Knitwear si nettside, instagramkonto og Facebookside og bli begeistra du også.