«møteplass A» – staden for deg som er arbeidssøkar og vurderer å starte eigen verksemd

Frå torsdag 1. september arrangerer Atheno «møteplass A»-samlingar annankvar torsdag på Kunnskapshuset på Stord. Dette er eit tilbod for alle arbeidssøkande i Sunnhordland som er nysgjerrige på muligheita for å starte eigen verksemd åleine eller saman med andre.

På «møteplass A» får du tips om kva du må tenke på ved ein eventuell oppstart av ei bedrift, du får høyre korte foredrag frå dyktige forelesarar innan marknadsføring, nettverksbygging og økonomi, og du får høyre erfaringa til andre etablerarar og gründerar.

Tilbodet er gratis for alle interesserte, og me blir svært glade for om flest mogleg går inn på Atheno sin facebook-event og klikkar på «Deltek».

Du er hjarteleg velkomen. Håpar me sjåast!