Opp med handa dei som kan nok om berekraft

Signala er tydelege. Bedrifter møter no auka krav og forventningar til berekraft frå både kundar og myndigheiter. Difor har Atheno rigga programmet «Grønn 2021» der du kan få nyttig kunnskap og gode verktøy å bruke i di bedrift.

Den 20. og 21. januar vert det workshop i Stord kulturhus. 

  • Me er veldig glade for å ha fått med oss to av dei som har forska mest, og som kan mest om berekraft og sirkulære forretningsmodellar i Noreg, – Lars Jacob Tynes Pedersen og Sveinung Jørgensen frå Noregs Handelshøyskole, fortel prosjektleiar i Atheno, Ole Jacob Eide.

Begge to er anerkjente og svært dyktige formidlarar som engasjerer publikum. Dei vil ta for seg høgaktuelle utfordringar, – men gjerne aller mest vise ei rekke moglegheiter knytt til tematikken.

  • Me har fått tydelege signal på at store bedrifter i regionen vil sette større berekraftskrav til leverandørar av varer og tenester framover. Vår målsetnad med Grønn 2021 er å bidra til bedriftene, både små og store, –  kan bli betre rusta til å gjere gode val slik at dei styrkar eigen konkurranseevne og bidrar til ei meir berekraftig utvikling, held Eide fram.

På sjølve workshopen vil det også bli innlegg frå representantar frå Aker Solutions, Nuen, Wärtsilä og Bremnes Seashore. Frå desse vil ein få innblikk i korleis dei spesifikt arbeider med berekraft internt, og nettopp kva leverandørkrav dei vil sette framover. I tillegg til den fysiske workshopen vil «Grønn 2021» også har tre kortare digitale samlingar.

  • Me har også ei fullgod digital løysing me kan nytte på workshopen om koronasituasjonen skulle tilsei det. Men me har eit sterkt håp om å kunne møtast fysisk til samling i Stord kulturhus i januar, avsluttar Eide.

Påmeldingslenke her: https://atheno.no/stec_event/gronn-2021-meirverdi-med-berekraft/