Grønt samarbeid mellom industriar

Atheno skal bidra til å fremja ein unik kultur for nyskaping i Sunnhordland, og bidra til auka innovasjon og verdiskaping i nye og eksisterande bedrifter.

Entreprenørskap i skulen

Lær meir

Aktuelt

Sjeldan har me fått tydelegare tilbakemeldingar enn me fekk på Marte Halstensen sitt innlegg hos oss 8. mars, der tema var Kvinnehelse og arbeidsliv. Tilbakemeldinga var: Dette må fleire få høyre! Atheno har difor gleda av å invitera til nytt arrangement torsdag 11 april kl. 18 i Atheno sine lokale på Vabakkjen 6
Har du ein forretningsidé eller er du allereie ein grunder på jakt etter ein måte å vidareutvikla bedrifta din på? Da vil vårt nettbaserte program hjelpe deg!
Å forstå kva EU-taksonomien er og korleis den påverkar eigen verksemd kan vere utfordrande. Difor inviterer Atheno til ei samling der dette er tema. I tillegg ser me på ulike typar finansiering i det grøne skiftet.

Arrangement

Nuen

«Utan Atheno trur me prosjektet hadde stranda i tidleg fase. Atheno har løfta fram prosjektet i viktige arenaer, tvunge oss til å spissformulere og skape ei tydeleg retning vidare. Det har vore avgjerande for framdrifta.»

Alde Akva AS

«I etableringsfasa var Atheno ein tydeleg vegvisar og sparringspartner, som gjennom sine rådgjevarar og nettverk bidrog til at me som sto bak satsinga kunne bygge grunnstrukturen i selskapet i rett rekkefølgje, – og på den måten vere rigga for solid drift frå dag éin.»

i4 Factory teamet

i4 FACTORY AS

"Me har hatt stort utbytte av å vere del av Atheno som inkubatorbedrift. Dei har bidrege med rettleiing sidan oppstartsfasa og har knytt oss opp mot Forskingsrådet og Innovasjon Norge."