Den regionale planen Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ute på høyring (https://www.vestlandfylke.no/hoyring-plan-inn) med frist 26. mars 2021.
Atheno og Samarbeidsrådet for Sunnhordland arrangerer saman med Vestland fylkeskommune eit regionalt høyringsmøte torsdag 11. mars kl 09.00-11.00 på Teams. Vi inviterer kommunar og aktørar i Sunnhordland til å få ein presentasjon av planen, moglegheit til å gi munnlege innspel til planen og stille spørsmål.
Kommentarfeltet i teams vil vere open gjennom møtet og det er mogleg å kome med spørsmål og kommentarar undervegs. Vi vil forsøke å svare på det som vert tatt opp enten ved å svare i kommentarfeltet eller ved å gje dykk ordet ved høve.
Påmelding til reidun@atheno.no merk påmeldinga «Høyringsmøte»
Teams-lenka vert sendt ut dagen før arrangementet.
Program
09.00 – 09.10 Velkommen ved dagleg leiar Astrid Kjellevold, Atheno AS
09.10 – 09.40 Presentasjon av plan og handlingsprogram – Vestland fylkeskommune
09.40 – 10.00 Felles innlegg frå kommunane
v/ nestleiar Mette Heidi B. Ekrheim, Samarbeidsrådet for Sunnhordland
10.00– 10.10 Innspel/spørsmål knytt til innlegg
10.10– 10.40 Innlegg frå næringsliv
Industrinettverket i Sunnhordland v/ Lars Solberg
Maritime Clean Tech v/ Håvard Tvedte
10.40- 10.55 Innspel/spørsmål knytt til innlegg
10.55- 11.00 Avslutning
Samarbeidsrådet for Sunnhordland v/ dagleg leiar Tora Haslum Myklebust