Immaterielle verdiar fins i forskjellige former, og vil i mange tilfeller utgjer verksemdas viktigaste konkurransefortrinn. Har du ein god plan på korleis slike verdiar kan takast vare på og utnyttast?
Atheno tilbyr i samarbeid med Patentstyret og Tommy Dahlen frå Arntzen de Besche eit foredrag der me med ein praktisk tilnærming gjev eit innblikk i korleis patenter samt varemerke- og designrettigheitar kan nyttast for å sikre dei verdiane de ynskjer å skape.
Dato: 11.februar
Klokkeslett: 12.00-15.30
Stad: Atheno, Vabakkjen 6
Sentrale tema:
- Skilnaden på Patentstyret og dei private rådgjevarane -kven gjer kva?
- Grunnleggjande om forskjellige industrielle rettigheiter og korleis dei fungerer
- Strategi for immaterielle rettigheiter
- Kommersiell utnytting og handheving av rettigheiter
- Praktiske erfaringar
Dagen vil i korte trekk bli lagt opp slik:
Det praktiske står i fokus, og me ynskjer å bidra til å gje ei god forståing av korleis immaterielle rettigheiter me skal prata om kan nyttast på ein god måte. Arrangementet er mynta på gründere, leiarar og tilsette i det private næringsliv.
Bjørn Tisthammerfrå Patentstyret presenterer først litt generelt om ulike immaterielle rettigheitar. Deretter går han gjennom industrielle rettigheitar (patent, varemerke og design) og vil forklare litt om krav av innhald i ein søknad, når man bør vurdere å sende inn ein søknad, fallgruver, osb.
Tommy Dahlenfrå Arntzen de Besche har ei meir praktisk vinkling på temaet og vil blant anna snakka om strategi for immaterielle rettigheiter som del av ein forretningsstrategi, samt presentere konkrete eksempler.
For meir info og påmelding: agnete@atheno.no
Er du rådgjevar i inkubatorer/næringshagar, næringsutviklar eller tilsett i virkemiddelapparatet? Då er du velkomen til å delta 08.00-11.30