Kor mange måltid skapar eigentleg oppdrettsnæringa? Og er det fisk som er framtida? Næringsseminaret på OnarTun vil gje deg svar på dette og mykje anna. Her får du siste nytt om kva som skjer på Tysnes og i regionen rundt oss.
PROGRAM:
16.00 Lokale opnar / Servering og mingling
16.30 Velkomen v/ Ordførar Kåre Martin Kleppe
16:40 Innovasjon Norge v/Åge Bremer
17:00 Ocean Forrest -Eit hav av moglegheiter
17:20 Bremnes Seashore v/ Bjørnar Michaelsen-Svendsen
17:45 Pause
18:05 «Å drive mat på Tysnes» - 3 lokale gründerar fortel
18:45 Refleksjon kring det å vere gründer i matbransjen
19:00 Pause
19:20 Marte Belsvik Hansen -Om ungdom og redusering av matsvinn
19:35 Torstein Hatlevik – Om samarbeid og nettverksbygging for å bygge destinasjon
19:55 Avslutning v/ Tysnes Næringsråd, Børge Pedersen
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Påmelding til agnete@atheno.no. Oppgje namnet ditt og eventuelt verksemda du representerer*
Håpar me sjåast!
*Er du verksemd på Tysnes og enda ikkje medlem i Tysnes Næringsråd? I samarbeid med Haaheim Gaard vil Tysnes Næringsråd dele ut ein dagpakke for inntil 10 personar, som inkluderer lunsj og møtelokale. Etter samlinga 19.mars trekk dei ein heldig vinnar blant bedriftene som melder seg inn i Næringsrådet.
|