Haustens viktigaste møteplass!
Nyskapingskonferansen har fått nye klede – no i meir sporty utgåve som Nyskapingsmaraton. Den 14. november vert ein inspirerande dag her i Atheno sine lokale på Verket, med høg puls frå morgon til kveld. Atheno er stolt arrangør og Sparebanken flott sponsor.
Det vert seks «distansar» i løpet av dagen. Sjekk ut kva som høver for deg!
Program:
08.00 -Velkomen v/Atheno og ordførar Gaute Epland
08.00-09.30 -Bolk/distanse 1: «Berekraftige bygg i ei ny tid»
- DanielRøssland, prosjektleiar Multiconsult,
- Kristian Gautesenrådgjevar for solkraft i Haugaland Kraft
- Roar Hugnes, seniorrådgjevar i Enova
09.30-10.00- Pause
10.00-11.30 -Bolk/distanse 2:«Kombinasjonen innovasjon, berekraft og unge »
- Danat Tekie, organisasjonsvitar, entreprenør og ein av grunnleggjarane bak Young Sustainable Impact
11.30-12.30- Lunsj
12.30-14.00-Bolk/distanse 3:«Innovasjon på tvers»
- JobbLoop- ein samarbeidsmodell for inkludering, v/ Siri Nerheim, prosjektkoordinator
- Innovasjonsprisen 2019 - Stord kommune v/Gaute Epland, ordførar
- Zeeds– Zero Emission Energy Distribution at Sea. Eit samarbeidsprosjekt mellom seks leiande nordiske selskap om å skape ein grønare skipsfart, v/Hans Petter Nesse, adm.dir Wärtsilä Norway.
14.00-14.30- Pause
14.30-16.00 -Bolk/distanse 4: «Ordet fangar – presentasjonsteknikk for dummies»
- Kva skil ein god og dårleg presentasjon- erfaringsbaserte refleksjonar frå næringslivstoppar, med Trond Lekve, Resource manager i Wärtsilä Norway og Marie Engelsen Launes, kommunikasjonssjef NCE Maritime CleanTech, Astrid Kjellevold, dagleg leiar Atheno og Yngvar Ugland, leiar NewTechLab i DNB
- Marco Thomas, learntofly.no - Dei fem viktigaste faktorane for ein god presentasjon
16.00-16.30- Pause
16.30-18.00 -Bolk/distanse 5: «Korleis lukkast i sosiale medier»
- Gründermamma Stine Pettersen, SoMe-ekspert og Marknadsføringsninja
18.00-18.30- Pause
18.30-20.00 -Bolk/distanse 6: «Kvinner og tech»
- Yngvar Ugland, leiar NewTechLab i DNB
- Cathrine Jansson, avdelingsdirektør IT design og utvikling NAV
- Gunn Kristine Saltvik, Chief Digital Officer Contesto
- Lene Notland Harnes, prosjektleiar Agens AS
20.00-23.50 «Klubbkonsert og godprat»
- Tuning Expedition jazzar opp kvelden med blant anna Al Jarreau og det vert moglegheiter for å kjøpe noko leskande i Sykkel&Kaffi-baren
Sveinung Dukstad frå Innovasjon Norge og Rigmor Fardal i Forskningsrådet vil vere tilgjengeleg for samtalar denne dagen.
*Ynskjer du speed-date med Enova? Gi oss eit hint i notisfeltet i påmeldinga.
Billettar:
- Halvmaraton etablerer/gründer 250 kr -Tre valfrie bolkar. Kveldsunderhaldning ikkje inkludert. NB! Merk kva «distansar» du ynskjer i notisfeltet i påmeldinga.
- Heilmaraton etablerer/gründer 500 kr - Alt inkludert.
- Halvmaraton etablerte bedrifter/industri 750 kr - Tre valfrie bolkar. Kveldsunderhaldning er ikkje inkludert. NB! Merk kva «distansar» du ynskjer i notisfeltet i påmeldinga.
- Heilmaraton etablerte bedrifter/industri 1000 kr - Alt inkludert.