Anten du tenker å starte opp noko, er gründer i oppstartsfase eller kanskje berre treng ei oppfriskning: Ved å forstå det store økonomiske biletet står ein betre rusta til å sjå korleis avgjersler ein tek kan påverke det økonomiske resultatet.
Kurset tek for seg det grunnleggjande rekneskap handlar om. Målsetnaden med kurset er at ein betre skal klara å sjå samanhengar i rekneskapen og sikre sunn drift i verksemda di.
Kurset krev ingen forkunnskapar, og egnar seg godt for dei i etableringsfasen, dei som driv for seg sjølv, styremedlem eller for dei som er i ein eller anna posisjon der kunnskap om rekneskap er eit fortrinn.
Etter kvart kurs vil du få moglegheiten til eit kvarters lynmøte med kursleiar frå Azets, der du kan ta opp problemstillingar knytt til di bedrift.
Kurset er gratis og ope for alle i Sunnhordlandskommunane, men grunna Covid-19 vil det vere avgrensa mengde plassar. Kurset finn stad i Viergo sine lokaler (Bremnesvegen 900).
Påmelding: agnete@atheno.no. NB! Ynskjer du lynmøte må dette meldes frå om i påmeldinga.