Om du enten tenker å starte opp noko, er gründer i oppstartsfase eller kanskje berre treng ei oppfriskning: Ved å forstå det store økonomiske biletet står ein betre rusta til å sjå korleis avgjersler ein tek kan påverke det økonomiske resultatet.
Kurset tek for seg det grunnleggjande rekneskap handlar om, der målsetnaden er at ein betre skal klara å sjå samanhengar i rekneskapen og sikre sunn drift i verksemda. Det vert praktiske eksempler frå ein friviljung deltakar i tillegg til praktiske oppgåver.
Kurset krev ingen forkunnskapar, og egnar seg godt for dei i etableringsfasen, dei som driv for seg sjølv, styremedlem eller for dei som er i ein eller anna posisjon der kunnskap om rekneskap er eit fortrinn.
Etter kvart kurs vil du få moglegheiten til eit kvarters lynmøte med kursleiar, der du kan ta opp problemstillingar knytt til di bedrift.
Påmelding: agnete@atheno.no. Merk mail med "påmelding økonomikurs", og oppgi dersom du ynskjer lynmøte med kursleiar eller kunne tenke deg at de bedrift vert kursets praktiske eksempel.