Berekraftvekene og Pecha Kucha-kveld på Atheno - «Berekraftspesial»
Det er klart for ein ny Pecha Kucha-kveld på Atheno tysdag 18. februar kl 19.
Under Berekraftvekene i fjor blei den første Pecha Kucha-kvelden på Stord arrangert på Atheno. PechaKucha er ein presentasjonsform som har spreidd seg til over 1000 byar over heile verda. Her får cirka 10 innleiarar 20 bilde x 20 sekund til å fortelja om ein spennande idé eller eit prosjekt dei jobbar med. Til saman blir det berekraftig kreativitet i konsentrert form som me håpar kan vera inspirerande for fleire på Stord og regionen.
Berekraftvekene blir arrangert i februar av Stord vidaregåande, Framtida.no, Miljøagentane på Stord, Stord filmklubb, Naturvernforbundet og fleire andre. I år blir det mellom anna visning av dokumentarfilmen 2040 og foredrag av professor Dag Jørund Lønning på Stord folkebibliotek. Følg med på programmet her.
Pris per person: 50,-