Går du med ein gründer i magen? Eller kanskje har korona gjort at bedrifta di må sjå på nye varer eller tenester?
Det er mange ulike spørsmål som dukkar opp når ein har ein god idé som ei ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste. Gjennom dette introduksjonskurset vil du få ei kort innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering.
Me vil sjå på enkle grep knytt til forretningsmodellering, og korleis ein kan teste og utvikle ideen ein har. Me vil også vere innom vanlege problemstillingar som du som sjølvstendig næringsdrivande vil kunne møte på.
Målet er at du etter endt kurs skal ha eit godt grunnlag for å avklare og arbeide vidare med ideen eller verksemda di.
Du får også møte gründarar og høyre korleis reisa deira har vore, og erfaringar dei har gjort seg.
Kurset er gratis og ope for alle som er busatt i Sunnhordland.
Det er ingen krav til at du har ein konkret idé, så lenge du er nysgjerrig på oppstart er du meir enn velkomen😊
Påmelding: agnete@atheno.no, merk "StartOpp Tysnes og Fitjar"
Kurset er i samarbeid med Fitjar kommune, Fitjar næringsråd, Tysnes kommune og Tysnes Næringsråd.