Regjeringa foreslår ein midlertidig lov om rekonstruksjon av bedrifter som har økonomiske utfordringar.
Det er eit mål for norske myndigheiter at bedrifter som elles er sunne og levedyktige ikkje går konkurs som følge av likviditetsutfordringar.
Regjeringa har difor foreslått ein ny midlertidig lov om rekonstruksjon av bedrifter som har økonomiske utfordringar (Rekonstruksjonsloven).
Om dette skriver Regjeringa:
«Hovedformålet med lovforslaget er å redusere risikoen for unødige konkurser i levedyktige virksomheter som er rammet av en akutt svikt i inntektene som
følge av utbruddet. Effektive rekonstruksjonsregler kan bidra til at bedrifter som under normale omstendigheter er lønnsomme, i større grad kan reddes og arbeidsplasser og verdier sikres.»
Den nye loven er meint å sikre at bedrifter, som har eller vil få store økonomiske problem, på eit tidleg tidspunkt kan be om bistand til å finne gode løysingar.
Gjennom ein «rekonstruksjon» av bedrifta kan man sikre vidare drift slik at bedrifta unngår konkurs og arbeidsplassar kan reddast.
For Atheno og Stord Næringsråd er det viktig at bedriftene i Sunnhordland får best mogleg informasjon og bistand til å takle konsekvensane av Covid-19.
Me ynskjer å vere i forkant.
Me inviterer difor til webinar måndag 4.mai klokka 09.00-10.00 der deltakarane vil få ei grundig gjennomgang av moglegheitene som den nye lova kan gi, og kva utfordringar som kan oppstå ved gjennomføring av ein rekonstruksjon.
Tema som blant anna vert tatt opp:
- Kva er rekonstruksjon?
- Kva skil rekonstruksjon frå reglane om gjeldsforhandling?
- Kven kan be om ein rekonstruksjon?
- Kva skal til for å få opna rekonstruksjonsforhandlingar?
- Kva ein rekonstruksjonsplan kan gå ut på?
- Styring og myndigheit i rekonstruksjonsperioden?
- Korleis sikre drifta undervegs?
- Kreditor si rolle og kva rettigheiter har kreditorane under ein rekonstruksjon.
- Gjennomføringa av rekonstruksjonen
Målgruppe for seminaret er bedrifter i Sunnhordland som har eller meiner dei vil få større økonomiske utfordringar som følge av Covid-19.
Kurset er også særs aktuelt for bankar og kreditorar (typisk leverandørar) som er på «kreditorsida» av ein rekonstruksjon.
Foredragsholdere vil være advokat /partner Sturla Vik-Vestly og advokat/partner Kjell Petter Neset i Advokatfirmaet Responsa AS.
Sturla Vik-Vestly har kontraktsrett og forhandlingar som sitt spesialområde. Han vil i sin presentasjon ta «samfunnsperspektivet» og gå gjennom rekonstruksjonen sett frå samfunnet og bedrifta sitt ståsted.
Kjell Petter Neset har selskapsrett og insolvensrett som sitt spesialområde. Dei nye reglane grip til dels kraftig inn i kreditoranes alminnelege rettigheiter, og i sitt foredrag vil Neset ta «kreditorperspektivet» og vil i større grad sjå med kritisk blikk på dei nye reglane.
PÅMELDING VIA MICROSOFT FORMS: Påmeldingsskjema
Opplev du problem med påmeldinga? Ta kontakt med Aase Lilleskare Lund, oppgi namn på deltakar, bedrift/verksemd og kontaktinfo.