Atheno og Tveit Regnskap inviterer til eit to-delt webseminar om likviditetsstyring i krisetider og kompensasjonsordninga.
Del 1 - Likviditetsstyring i krisetider (45 min)
God likviditetsstyring og kostnads-kontroll er heilt avgjerande i ein krisesituasjon. På dette webinaret går Tveit Regnskap gjennom dei viktigaste punkta ein må tenke på.
- Leiing: Korleis tenke, organisere og leie bedriften ut av likviditetsuføre
- Analyse: Forstå den økonomiske situasjonen og lag likviditetsbudsjett
- Tiltak: Tips og råd til tiltak for å styrke bedriften sin likviditet
Føredragshaldar Marianne H. Aarbø er seniorrådgjevar i Tveit Regnskap med særleg ansvar for strategi og leiing. Ho har jobba som økonomisjef i mesteparten av karriera.
Del 2 - Kompensasjonsordninga (45 min)
18. januar opna det for søknadar til den nye kompensasjonsordninga for næringslivet. Det vart då mogleg for bedrifter som er ramma av fall i omsetnaden relatert til pandemien å søke kompensasjon for faste uunngåelege kostnadar i perioden september/oktober og november/desember.
Nytt i denne ordninga er bl.a. at grunnlaget må bekreftast av reknskapsførar/revisor. Føredragshaldar Carita Rantaniitty er rekneskapsførar og rådgjevar i Tveit Regnskap. Ho vil på ein enkel måte forklare ordninga, kva som er nytt ift tidlegare, og gå gjennom kva som trengs når ein logger på og skal søke.
Webseminaret er gratis for bedrifter i Sunnhordland.
Påmelding til reidun@atheno.no Merk påmeldinga: webseminar Tveit.
Det vert sendt ut Teams-lenke dagen før arrangementet.