OPPDATERING: Grunna retningslinjer og tiltak knytt til Covid-19, vert arrangementet avlyst. Info om ny dato kjem.
Atheno arrangerer to dagar med workshop i mogleggjerande teknologi!
Dei totalt fire ulike workshoppane vert holdt av Mechatronics Innovation Lab, som er ein del av den nasjonale infrastrukturen for pilottesting og eksperimentell utvikling av produkt, system og tenester. Etter gjennomføring vil deltakar vere i betre stand til å sjå nytteverdi av dei ulike teknologier, skilnadar og vidare kunne vurdere korleis teknologi kan nyttast som eit verktøy og effektiviseringstiltak i eiga verksemd.
Generell Robotikk (08.00-11.30)
Generell Robotikk er ein introduksjon av ulike robot-teknologiar og består av ein teoretisk del og ein praktisk del med programmering. Workshopen gir deltakar innsikt i nyaste robotteknologiar, skilnadar og moglege bruksområder. Teknologi frå leverandørar som ABB, Fanuc, Kuka, Nachi, UR, Omron og MiR vert adressert.
AR&VR (12.00-15.30)
AR&VR Workshop er ein generell introduksjon av ulike mixed reality teknologiar og består av ein teoretisk del og ein praktisk del. Workshopen gir deltakar innsikt i nyaste teknologiar som Microsoft Hololens, Google glass, HTC Vive, Daqri og Oculus Rift samt skilnadar og moglege bruksområder.
Stikkord: Automasjon, fleksibilitet, oppetid, fjernstyring, design, kommunikasjon
--
Det er begrensa plassar til kvart kurs, og prisen pr.kurs er 1800kr per pers (3600kr pr. dag). Det er anbefalt å stille med minimum 2 tilsette per selskap.
Påmelding: agnete@atheno.no