OPPDATERING: Grunna retningslinjer og tiltak knytt til Covid-19, vert arrangementet avlyst. Info om ny dato kjem.
Atheno arrangerer to dagar med workshop i mogleggjerande teknologi!
Dei totalt fire ulike workshoppane vert holdt av Mechatronics Innovation Lab, som er ein del av den nasjonale infrastrukturen for pilottesting og eksperimentell utvikling av produkt, system og tenester. Etter gjennomføring vil deltakar vere i betre stand til å sjå nytteverdi av dei ulike teknologier, skilnadar og vidare kunne vurdere korleis teknologi kan nyttast som eit verktøy og effektiviseringstiltak i eiga verksemd.
Smart sensor og prediktivt vedlikehald (08.00-11.30)
Smart sensor og PdM er ein generell introduksjon av sensor- og vedlikehaldsteknologi og består av ein teoretisk del og ein praktisk del med test. Workshopen gir deltakar innsikt i nyaste teknologiar, skilnadar og moglege bruksområder. Teknologi innan områder som maskinlæring, vision, IIoT, kommunikasjon og laser vert adressert.
3D Scanning (12.00-15.30)
3D Scanning er ein generell introduksjon av ulike skanning-teknologiar og består av ein teoretisk del og ein praktisk del. Workshopen gir deltakar innsikt i nyaste handhaldne og stasjonære teknologiar frå Creaform som HandyScan 3D, MaxShot 3D, MetraScan 3D, HandyProbe og C-Track, samt ulike skilnadar og moglege bruksområder
Stikkord: Oppetid tilgang, effektivitet, kvalitetskontroll
--
Det er begrensa plassar til kvart kurs, og prisen pr.kurs er 1800kr per pers (3600kr pr. dag). Det er anbefalt å stille med minimum 2 tilsette per selskap.
Påmelding: agnete@atheno.no