Våre tilsette

Kjetil har 10 års erfaring som forretningsutviklar og over 15 års erfaring innanfor ulike roller i leverandørindustrien til marine, olje og gass. Kjetil har gjennom si erfaring bygd seg opp eit stort nettverk og brei kompetanse innan forretningsutvikling, styrekompetanse og prosjektleiing. Yrkesvegen har han hatt gjennom læretid, fagskule og ingeniørhøgskule. Kjetil brenn for entreprenørskap, utvikling av team, nettverksbygging og næringsutvikling i Sunnhordland.

Kjetil Djuve

Inkubatorleiar

Nina 2255

Nina har arbeidd som rådgjevar og prosjektleiar i Atheno i 11 år. Ho har
gjennom desse åra opparbeida seg brei erfaring og høg kompetanse innan
prosjektleiing, prosjektutvikling, forretningsutvikling og kreative prosessar.
Hjarta banker nok ekstra for entreprenørskap i skulen og koplinga mellom
skule og arbeidsliv.

Nina har gjennom si erfaring bygd seg opp eit stort nettverk i både
Sunnhordland og på Haugalandet. Med sin bakgrunn som pedagog og
formidlar er ho mykje brukt som kurshaldar hos Atheno. Nina har eit stort
engasjement for samfunnsutvikling og politikk, noko som gjer at ho har god
kunnskap til politiske prosessar.

Nina Østensjø

Prosjektleiar/rådgjevar

OleJacobEide

Ole Jacob har erfaring frå fleire ulike bransjar. Han er journalistutdanna men har også fagbrev og mange år praksis frå industrien. Ole Jacob har opparbeidd seg mykje erfaring som journalist, tekstforfattar og kommunikasjonsrådgjevar. Han har produsert innhald til ei rekke ulike publikasjonar og arbeidd med marknadsføringsstrategiar for ulike bedrifter.

I Atheno arbeider Ole Jacob med prosjektleiing, kommunikasjon, arrangement og bedriftsrådgjeving til etablerarar og inkubatorbedrifter. Privat er han pappa til to og mann til ei. Ole Jacob er over middels interessert i segling og hage!

Ole Jacob Eide

Prosjektleiar/kommunikasjonsrådgjevar

Nils Kjetil har si utdanning innan pedagogisk informasjonsvitskap, samt vidareutdanning innanfor entreprenørskap og forretningsutvikling. Nils Kjetil er
sertifisert innan prosjektleiing og agile utviklingsmetodar (Scrum Master).

Nils Kjetil har god kjennskap til offshore-industrimiljøet i Sunnhordland både
som tilsett og som ansvarleg leverandør av IT-system. Han har alltid vore
interessert i bedrifts-, nærings-, skule- og samfunnsutvikling/omstilling.

Endringar, læring, kontinuerlege forbetringar og godt teamarbeid er noko
som motiverer Nils Kjetil.

Nils Kjetil Haukanes

Prosjektleiar

Thomas har over 25 års erfaring innanfor leverandørindustrien til marine, – olje og gass. Han har gjennom si erfaring opparbeida seg brei kompetanse innan prosessforbetring og organisasjonsutvikling, samt fleire år med erfaring som leiar lokalt og internasjonalt.

Thomas sin bakgrunn er innanfor logistikk og materialadministrasjon, samt sertifisering

innan prosjektleiarskap og Lean forbetring. Thomas sine forretningsinteresser er strategiarbeid, entreprenørskap, og næringsutvikling i Sunnhordland.

Thomas Danielsen

Prosjektleiar

Reidun har i over 30 år arbeidd med nærings- og samfunnsutvikling i Sunnhordland. Reidun har god kompetanse på etablerer rettleiing/oppfølging, tilrettelegging av kurs og konferansar, søknadsprosessar, sakshandsaming og prosjektarbeid.

Gjennom sitt mangeårige arbeidsliv har ho god kjennskap til det kommunale, fylkeskommunale og statlege apparatet.

Reidun Rykkje

Prosjektleiar