Yngve klipper sjåarsuksess for TV2 hos Atheno

Ein programleiarintroduksjon kunne vore slik: – Han har klipt «The Voice»  og «Iskrigerne». Han var med og klipte serien «Else om: Selvmord» som vann Gullruten. Han er frå Kyvikjo. Og no er han høgaktuell med serien «Toll» på TV2. Dette er Yngve!

Og så er det akkurat slik den er. Kortversjonen. Den litt lengre versjonen er at Yngve Øvregard tidlegare i år tok med seg flyttelasset og flytta med sambuar og ein liten son frå hovudstaden til Stord. Akkurat i tida då koronaen ramma landet vårt. 

  • Stord og regionen her har gitt oss nye moglegheiter. Her er trygt og godt og me kjem tettare på naturen og deler av familien enn i hovudstaden. Sjølv er eg blitt del av Atheno sitt fellesskap på Verket, og kona mi Inger har fått jobb som miljøvernrådgjevar i Haugesund. Ho stortrives med det, fortel Øvregard.

Yngve og Inger har altså gått frå å vere sambuarar til å bli gift i løpet av tida på Stord. Dei trossa koronaen og vart ektefolk på seinsommaren. Den store festen har dei sett på vent. Men eit nytt familiemedlem er på gang. Det er stas, røper han.

Fjernstyrt klipping

Å arbeide som klippar for tv-produksjonar frå eit kontor på Vabakkjen høyres gjerne tungvint ut, men slik er det ikkje i fylgje Yngve.

  • Koronaen har ført til at produksjonsselskapa ser nye moglegheiter digitalt. Eg har gode verktøy og kan fjernstyre ei maskin i Oslo i samband med klipping og redigering. I tillegg har eg tett samarbeid med redaksjonen over Teams og telefon.

Han er glad for at det er miljø som Atheno sitt som han kunne bli del av.

  • For meg har det vore heilt topp. Her er mange trivelege «kollegaer», og eg har knytt kontakt med nye folk som har gitt meg spennande moglegheiter. Blant anna hadde eg eit godt samarbeid med Skag Design på «Handle lokalt-filmane», der eg var med både i utarbeiding av manus, – og filming og redigering. Prosjektet gav meirsmak og eg samarbeider gjerne med ulike aktørar på andre lokale filmprosjekt framover, held Øvregard fram.

Syr saman «Toll» 

Men akkurat no er det sjårsuksessen «Toll» som går på TV2 som tek mesteparten av tida.

  • Opptaka til sesong 2 er godt i gang og klippinga skjer fortløpande. Det er ein fulltidsjobb. Me er tre personar som syr saman episodane. Eit utruleg kjekt oppdrag, for det gir meg også innsikt i korleis tollarane opererer. Dei gjer verkeleg ein viktig jobb og opererer i mykje større skala enn eg var klar over før. 

Gode sjåartal tyder på at han og kollegaene også har gjort ein god jobb med dei endelause timane med filmopptak.

  • Utfordringa med klippinga av «Toll» er å finne den raude tråden i episodane. Målet er å få episodane til å handle om noko meir og større enn summen av enkelthendingane. Eg føler meg heldig som kan fortelje historier som er viktige, og kunne bidra til å underhalde det norske folk. Og eg kjenner meg privilegert som kan gjere dette her på Stord. 

Yngve har førebels kontrakt med Novemberfilm om produksjon av nye episodar fram til juni månad. Suksessen med serien kan fort føre til at den kontrakten vert forlenga i lang tid framover.

————————-

Dette er Yngve:

  • Oppvaksen på gard i Kyvikjo
  • Nygift med Inger Kristine Volden
  • Pappa til Kasper (2)
  • Ofte sett langs Hystadvegen på «Handle lokalt-sykkelen»
  • Fekk filminteressa for alvor på folkehøgskule
  • Utdanna på Film- og TV-akademiet på NISS
  • Har sidan 2010 klipt TV-program som har gått på NRK, TV2, TVNorge og TV3
  • Har gjort klipping på produksjonar som blant anna «Åndenes makt», «Idol» og «Alle mot 1»
  • Personelg klippfavoritt: «Alle gutta» – ein fotballserie frå Mjøndalen
  • Sit i Atheno sitt gründer- og inkubatormiljø i Verket på Vabakkjen