Bømlo kommune og Atheno inviterer med dette inn til Kurs innan sal og service. Kurset, som er gratis, tek for seg grunnleggjande kommunikasjon i møte med kunden. Bevisstgjering kring eigne tankar og haldningar, og korleis dette verkar inn på oss i rolla som seljar, samt teknikkar for å endra desse. Trening på gode salssamtaler, gode strategiar og teknikkar for å nå salsmål, og metodar for eigenmotivasjon i salsarbeidet.
På kurset vil deltakarane verta kjent med servicebegrepet, og kva som definerer god og dårleg service. Vidare ta dette inn i eigen verksemd for å definera eige servicenivå.
Om kurshaldar:
Anne-Grete Sandtorv har tidlegare halde kurs innan sal- og service gjennom sitt eige selskap Coach Sandtorv Development, og no som dagleg leiar i Stord Næringsråd.
«Ingenting vert selt utan entusiasme» er ein av Anne-Grete sin påstandar.
Program:
- Kl.16.00 – 16.15 Velkommen v/Atheno.
- Kl.16.15 – 19.30 «Ingenting vert selt utan entusiasme» Anne- Grete Sandtorv.
- Kl. 19.30 – 20.00.
Kursstad er Bømlo Innovasjonssenter på Rubbestadneset. Det vert enkel servering. Kurset er gratis.
Påmelding
Kurset er no fullteikna.