Personvernerklæring og informasjonskapslar

Frå mai 2018 er det eit krav om informasjonsplikt ved innsamling av opplysningar frå personar som registrerar seg på nett (ref. Personopplysningslova § 19).

Denne erklæringa inneheld informasjon om kva opplysningar me hentar inn og korleis dei vert behandla (ref. Personopplysningslova § 18 1. ledd).

Atheno AS, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar.

På denne nettstaden vert det samla inn persondata gjennom følgjande verktøy:

  • Påmeldingsskjema, arrangement (namn, e-post, telefonnummer)
  • Oppmelding nyhendebrev (e-post)
  • Google Maps (lokasjonsdata)

Kva er ein informasjonskapsel?

Ein informasjonskapsel – meir kjent som «cookie» – er ein teknologi nytta av dei fleste nettstader. Det er ein liten tekstfil som vert lagra på din enhet, og kan inneholde forskjellig informasjon om din bruk av nettstaden. Til dømes kan den hugse pålogginga di, kva innstillingar du har aktivert på nettstaden, kva sider du besøker på nettstaden vår, kva lenkjer du trykker på og liknande.

Påmeldingsskjema

Atheno AS salmar inn opplysningar om alle deltakarar på sine arrangement. Dette treng dei for å få ei oversikt over kor mange som kjem, kven som kjem, og kvar dei skal sende ut faktura. Opplysingane skal berre nyttast til dette føremålet.

Dette kan verta samla inn:

  • Namn på deltakar
  • Namn på bestillar
  • E-postadresse til deltakar
  • E-postadresse til bestillar
  • E-postadresse for faktura
  • Telefonnummer til deltakar
  • Telefonnummer til bestillar
  • Adresse til bestillar
  • Namn på bedrift/organisasjon
  • Om deltakar er student, gründer eller etablerer
  • Andre relevante opplysningar (allergiar etc.)

Opplysningane vert henta frå påmeldingsskjemaet på atheno.no.

For å delta på Atheno AS sine arrangement, så må alle deltakarar gje informasjonen nemnd ovanfor. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå kvar enkelt deltakar.

Deltakarliste kan i enkelte arrangement bli lista ut på nettstaden. Då kan deltakarane velje å ikkje vera del av denne utlistinga ved påmelding.

Opplysningane om deltakarane er delt med rekneskapskontoret Tveit Rekneskap AS for fakturering, rekneskap og bokføring. Selskapa Zpirit AS og ProISP har tilgang gjennom drift, utvikling og vedlikehald av nettstaden.

Personopplysningane vert lagra på nett-tenaren vår, og er dekka av same tryggleikstiltak som resten av nettstaden. Lista over opplysningane vert lagra i maks to år etter oppføring.

Nyhendebrev

For å melde deg på vårt nyhendebrev, er vi nøydd til å samle inn e-postadressa di. Dette vert styrt gjennom nyhendebrevleverandøren Mailchimp. E-postadressa vert berre nytta til dette føremålet gjennom drift av nyhendebrevløysinga.

E-postadressene er lagra på Mailchimp sine tenarar. Les meir om korleis Mailchimp handterer data her.

Lokasjonsdata

Nettstaden vår nyttar Google Maps for å vise lokasjonen til hendingane våre og Google Analytics til å lagre statistikk om brukaratferda på nettstaden. Google Maps og Analytics kan samle inn informasjon om brukaren, som til dømes plassering og IP-adresse.

Informasjon samla inn av Google Maps og Analytics vert lagra på Google sine tenarar i USA, og me har ikkje tilgang til desse. Les meir om korleis Google handterer data her.

Generelt

Selskapa Zpirit AS og ProISP har tilgang til personopplysningar lagra på vår tenar gjennom drift, utvikling og vedlikehald av nettstaden.

Personopplysningane som vert lagra på nett-tenaren vår er dekka av same tryggleikstiltak som resten av nettstaden.

For spørsmål eller ved ønskje om innsyn, retting eller sletting

Ta kontakt med:

Astrid Kjellevold
Dagleg leiar, Atheno AS

+47 452 89 928
astrid@atheno.no