Kontakt

Kontakt oss på den måten som er best for deg, enten du vil ringe, sende ein e-post eller komme innom oss på Vabakkjen 6. Så tek me det derifrå. Velkommen skal du vera!

E-post: post@atheno.no

Adresse: Vabakkjen 6, 5411 Stord

Våre tilsette

Portrett av kvinne

Astrid Kjellevold

Dagleg leiar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Astrid Kjellevold har utdanning som adjunkt, pedagogikk vidareutdanning, styrekompetanse, inkubasjonsleiing og ein master i Strategisk leiing frå Handelshøgskulen.

Astrid har gjennom dei siste 18 åra hatt ulike leiarroller innan næringsutvikling, i hovudsak knytt til forretningsutvikling, prosjektutvikling, strategi og organisasjonsutvikling. Dei siste 8 åra har ho vore dagleg leiar i Atheno.

Gjennom dei siste 10 åra har ho og arbeida med utvikling av leiarkompetanse knytt til både leiarteam og enkeltleiarar, hatt ei aktiv rolle i saker knytt til konflikthandtering og vore mentor for ulike leiarar.Astrid kjører eigne leiarprogram og held føredrag innan ulike tema knytt til leiing og kommunikasjon.
Portrett av mann

Kjetil Djuve

Inkubatorleiar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Kjetil har 10 års erfaring som forretningsutviklar og over 15 års erfaring innanfor ulike roller i leverandørindustrien til marine, olje og gass. Kjetil har gjennom si erfaring bygd seg opp eit stort nettverk og brei kompetanse innan forretningsutvikling, styrekompetanse og prosjektleiing. Yrkesvegen har han hatt gjennom læretid, fagskule og ingeniørhøgskule. Kjetil brenn for entreprenørskap, utvikling av team, nettverksbygging og næringsutvikling i Sunnhordland.
Portrett av mann

Ole Jacob Eide

Prosjektleiar/rådgjevar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Ole Jacob har erfaring frå fleire ulike bransjar. Han er journalistutdanna men har også fagbrev og mange år praksis frå industrien. Ole Jacob har opparbeidd seg mykje erfaring som journalist, tekstforfattar og kommunikasjonsrådgjevar. Han har produsert innhald til ei rekke ulike publikasjonar og arbeidd med marknadsføringsstrategiar for ulike bedrifter.

I Atheno arbeider Ole Jacob med prosjektleiing, kommunikasjon, arrangement og bedriftsrådgjeving til etablerarar og inkubatorbedrifter. Privat er han pappa til to og mann til ei. Ole Jacob er over middels interessert i segling og hage!
Portrett av kvinne

Agnete Braathen

Prosjektleiar/rådgjevar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Nils Ketil Haukanes

Nils Kjetil Haukanes

Forretningsutviklar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Nils Kjetil har si utdanning innan pedagogisk informasjonsvitskap, samt vidareutdanning innanfor entreprenørskap og forretningsutvikling. Nils Kjetil er sertifisert innan prosjektleiing og agile utviklingsmetodar (Scrum Master).

Nils Kjetil har god kjennskap til offshore-industrimiljøet i Sunnhordland både som tilsett og som ansvarleg leverandør av IT-system. Han har alltid vore interessert i bedrifts-, nærings-, skule- og samfunnsutvikling/omstilling.

Endringar, læring, kontinuerlege forbetringar og godt teamarbeid er noko som motiverer Nils Kjetil.
Portrett av kvinne

Reidun Rykkje

Prosjektleiar/rådgjevar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Reidun har i over 30 år arbeidd med nærings- og samfunnsutvikling i Sunnhordland. Reidun har god kompetanse på etablerer rettleiing/oppfølging, tilrettelegging av kurs og konferansar, søknadsprosessar, sakshandsaming og prosjektarbeid.

Gjennom sitt mangeårige arbeidsliv har ho god kjennskap til det kommunale, fylkeskommunale og statlege apparatet.
Portrett av kvinne

Lene Pilskog

Leiar for Invest in Sunnhordland
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Portrett av kvinne

Nina Haara Matre

Prosjektleiar Ung Sunnhordland / Bu i Sunnhordland
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.