-Ein heilt spesiell møteplass

Atheno skal bidra til å fremja ein unik kultur for nyskaping i Sunnhordland, og bidra til auka innovasjon og verdiskaping i nye og eksisterande bedrifter.

Aktuelt

I samarbeid med Validé Haugesundregionen inviterer me til eit eige seminar om internasjonal satsing for tidligfase- og vekstbedrifter! Forelesar og programansvarleg, Ketil Wig har brei internasjonal erfaring, er foredragsholdar, mentor for oppstartsbedrifter, engleinvestor og forelesar på NMBU innan corporate strategy og M&A.
Industritanken er den samlande tenketanken for industrien i regionen. Her jobbar me med kunnskapsutvikling, deler innsikt, knyter industri og akademia tettare saman – og set agendaen for framtida. Tysdag 19. november inviterer Atheno til ein kveld der me løftar blikket og tenkjer stort.
Noreg står framfor ei omfattande oppbygging av forsvarsevna. Dette gir store moglegheiter for industriell deltaking – også i Sunnhordland. For å bli aktuelle leverandørar til forsvarssektoren, må lokale aktørar forstå behova, kravspesifikasjonane og rigge seg strategisk. Atheno inviterer til eit seminar der vi samlar nøkkelaktørar frå forsvar, næringsliv og offentleg sektor for å kartlegge moglegheiter og drøfte korleis industrien i Sunnhordland kan posisjonere seg.
Å tilsetja rett person er ei av dei viktigaste og mest strategiske investeringane ein organisasjon kan gjera. Treffsikre vurderingar av kandidatar kan vere skilnaden mellom suksess og utfordringar, og ei feiltilsetjing blir ofte kostbart – både økonomisk og for arbeidsmiljøet. Vi tilbyr difor eit praktisk og innsiktsfullt kurs som vil gje deg nye kunnskapar og verktøy i dei viktige prosessane med å finne rett person til rett stilling.
Kurset 27 november er fullteikna, men me har sett opp nytt kurs 15 januar. Atheno inviterer til del 2 av våre praktiske styrekurs, med fokus på økonomi og økonomistyring for aksjeselskap. Gjennom konkrete eksempel, nyttige verktøy og oppdaterte regelverk får du innsikt i alt frå rekneskap og budsjettering til likviditetsstyring, årsoppgjer og utbytte.
Atheno inviterer til del 2 av våre praktiske styrekurs, med fokus på økonomi og økonomistyring for aksjeselskap. Gjennom konkrete eksempel, nyttige verktøy og oppdaterte regelverk får du innsikt i alt frå rekneskap og budsjettering til likviditetsstyring, årsoppgjer og utbytte. Kurset høver for styremedlemmer, daglege leiarar og eigarar i små og mellomstore aksjeselskap som vil styrke sin økonomiforståing, sikre god styring og ta betre beslutningar på bakgrunn av tal.

Arrangement

Bypass Skredsikring AS

KVIFOR BYPASS SKREDOVERBYGG? Bypass skredoverbygg sin funksjonalitet er dokumentert gjennom eit omfattande testprogram utført i 2023. Løysinga gjev særs god tryggleik mot dei vanlege skredtypane i Noreg, og saman med dei andre fordelane Bypass skredoverbygg gjev, er dette ei nyutvikla løysing som gjev nye moglegheiter for framtidsretta skredsikring under norske forhold.

Breeze Ship Design AS

Breeze Ship Design skal akselerere berekraftige løysingar og realisere unytta idéar knytt til skipsdesign

Vindra AS

"Amundsen Kabel er en erfaren leverandør av bærekraftige tjenester for undervannskabler med fokus på innovasjon og pålitelighet. Vår forpliktelse til bærekraft er kjernen i alt vi gjør, og sikrer at prosjektene våre ikke bare møter dagens krav, men også bidrar positivt til miljøet for fremtidige generasjoner."

i4 Factory teamet

i4 FACTORY AS

"Me har hatt stort utbytte av å vere del av Atheno som inkubatorbedrift. Dei har bidrege med rettleiing sidan oppstartsfasa og har knytt oss opp mot Forskingsrådet og Innovasjon Norge."

Muybridge AS

"Industriklynga i Sunnhordland representerer fleire moglege framtidige marknader for Muybridge. Atheno har vore, og er ein sterk bidragsytar innan relasjonsbygging i regionen. Atheno har skaffa dei rette kontaktpersonane lokalt, men også på konsernnivå nasjonalt. Både for industrielle samarbeidspartnarar og potensielle framtidige kundar. Muybridge har også motteke god hjelp frå Atheno inn mot virkemiddelapparatet (IN og Forskingsrådet), med informasjon rundt tilskot og hjelp i søknadsprosessar."

Kystarbeid AS

Kystarbeid skal vere ein føretrekt leverandør av undervassarbeid og sjøentreprenørtenester.

CoachYou AS

CoachYou skal bidra til ein meir innhaldsrik treningskvardag for unge utøvarar, auke motivasjonen og oppslutnaden innan ulike idrettsgreiner, - samt gjere idrettskvardagen enklare for trenarar, utøvarar og foreldre.

Minus Solutions AS

«Utan Atheno trur me prosjektet hadde stranda i tidleg fase. Atheno har løfta fram prosjektet i viktige arenaer, tvunge oss til å spissformulere og skape ei tydeleg retning vidare. Det har vore avgjerande for framdrifta.»

Alde Akva AS

«I etableringsfasa var Atheno ein tydeleg vegvisar og sparringspartner, som gjennom sine rådgjevarar og nettverk bidrog til at me som sto bak satsinga kunne bygge grunnstrukturen i selskapet i rett rekkefølgje, – og på den måten vere rigga for solid drift frå dag éin.»