Bedriftsutvikling

Atheno har gjennom mange år opparbeidd seg betydeleg kunnskap og erfaring knytt til ulike områder. Dette kjem våre medlemmer og andre bedrifter i Sunnhordland til gode.

Me tilbyr blant anna bistand knytt til:

  • Strategiarbeid
  • Ulike typar workshops
  • Tilrettelegging av arrangement og konferansar
  • Bedriftsrådgjeving etablerte bedrifter
  • Kompetansehevande kurs og samlingar

Atheno har også eigne fagforum for våre eigarar og medlemsbedrifter. Det er innanfor HR, toppleiarar, kommunikasjon og bygg og anlegg.

Atheno leiarutviklingsprogram

Sidan hausten 2020 har Atheno tilbydd sitt eige leiarutviklingsprogram til bedrifter i regionen. Programmet er utvikla og gjennomført i saman med Olav Olsen. Han er til daglegProfessor i arbeids- og organisasjonspsykologi ved universitetet i Bergen og Handelshøyskolen BI. Programmet har vore fullteikna sidan starten, og tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært gode. Programmet går over sju samlingar og vert gjennomført to gonger årleg.

Ynskjer du og di bedrift å vite meir om våre bedriftsutviklingstilbod, ta gjerne kontakt.

Noko du lurer på? Kontakt oss!

Portrett av kvinne

Astrid Kjellevold

Dagleg leiar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Astrid Kjellevold har utdanning som adjunkt, pedagogikk vidareutdanning, styrekompetanse, inkubasjonsleiing og ein master i Strategisk leiing frå Handelshøgskulen.

Astrid har gjennom dei siste 18 åra hatt ulike leiarroller innan næringsutvikling, i hovudsak knytt til forretningsutvikling, prosjektutvikling, strategi og organisasjonsutvikling. Dei siste 8 åra har ho vore dagleg leiar i Atheno.

Gjennom dei siste 10 åra har ho og arbeida med utvikling av leiarkompetanse knytt til både leiarteam og enkeltleiarar, hatt ei aktiv rolle i saker knytt til konflikthandtering og vore mentor for ulike leiarar.Astrid kjører eigne leiarprogram og held føredrag innan ulike tema knytt til leiing og kommunikasjon.