Welcome to the cirkus | UE Sunnhordland på fylkesmessa i Bergen

I det musikken dundrar gjennom høgtalarane i salen på Amalie Skram VGS i Bergen er sirkuset i gang. Sirkus UE. Dei beste ungdomsbedriftene i Hordaland entrar manesjen for å vise fram kva dei har å by på. Elevar frå Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Stord. Og resten av fylket. Innovative. Framoverlente. Høflege og inspirerande unge lovande. Fabelaktige er dei!


Fylkesmessa til Ungt Entreprenørskap i Hordaland er ei oppleving av dei sjeldne. Etter at elevane har arbeidd målretta på sine eigne skular med sine ungdomsbedrifter, har dei via lokale konkurransar kvalifisert seg for finaledag i den våte hovudstaden. Og for ein dag det vart.

– Det er nesten umogleg å ikkje lære noko av dette. Dagen i dag kjem de til å hugse til de blir gamle, sa Linda Farestveit frå scena.


Finn inspirasjon hos andre
Og seksjonsleiaren frå opplæringsavdelinga i Hordaland Fylkeskommune får truleg rett i det. For få andre skuledagar kan by på same grad av konkurransar, læring, «ut av komfortsona-opplevingar», mestring og glede av å få til noko saman med andre.

– Det er spennande å drive si eigen bedrift. Eg og Ola fekk 2. plass for beste innovative produkt i fjor. Det er heilt klart ein medverkande grunn til at me er med i år også, fortel Jonas Økland frå Smart Learning UB ved Bømlo vgs.

[img src=»fylkesmessa2017-03web» size=»full» lightbox=»false» caption_type=»outer»][/img]
Jonas Økland, Kristian Stølen Solås og Ola Svanheld i Smart Learning UB ved Bømlo vgs let seg motivere og inspirere av andre deltakarar på fylkesmessa.

Han vedgår at det er vanskeleg å hevde seg i toppen når det er 88 ungdomsbedrifter som konkurrerer om dei gjeve prisane. Kamerat og kollega i bedrifta, Ola Svanheld, likar det han ser på fylkesmessa.

– Eg vert inspirert og hentar idear frå andre deltakarar, slår han fast.

 

Vinnarar frå Bømlo og Fitjar
Og inspirert vart han truleg då «nabobedrifta» WeFlex UB frå same skule drog i land sigeren for «Beste sals- og servicebedrift». I denne kategorien deltok samtlege av dei 88 bedriftene.

– WeFlex UB hadde framifrå flinke tilsette på standen din. Dei selde med stort personleg engasjement, var blide og imøtekommande og viste at dei var stolte av sine drikkeflasker med unikt design. I tillegg scora dei høgt på sin lokale profil og identitet, fortel ein av dommarane, Ole Jacob Eide frå Atheno.

[img src=»fylkesmessa2017-04web» size=»full» lightbox=»false» caption_type=»outer»][/img]
WeFlex UB frå Bømlo vgs tok ein sterk 1. plass i kategorien for beste sals- og servicebedrift.

Men det var ikkje berre WeFlex UB av dei lokale som markerte seg. Samtlege av UB-kandidatane frå Sunnhordland viste seg fram på ein flott måte. Og Fitjar vgs-elevane hadde ekstra mange grunnar til å smila. For Ljos UB tok med seg 1. plass i kategorien «Beste kundeoppleving på nett», i tillegg til to 3. plassar i kategoriane «Yrkesfag» og «Beste utstilling». Muslibarn’n UB frå Fitjar vgs gjorde det og sterkt med 2. plass i «Yrkesfagprisen».


Høgdepunkt i UE
– Det har vore ein fantastisk dag, konkluderer konferansier og prosjektleiar for UE Sunnhordland, Nina Østensjø. Dette er det store høgdepunktet i UE-samanheng. Eg blir så utruleg imponert av kva ungdommane som kjem hit presenterer og får til. Dei er fabelaktige. Ja, dette lovar verkeleg godt for entreprenørskap i Sunnhordland i framtida, avsluttar den engasjerte prosjektleiaren.

 

[img src=»fylkesmessa2017-02web» size=»full» lightbox=»false» caption_type=»outer»][/img]
Ida Maage Elstad og Nina Østensjø representerer høvesvis Hardanger og Sunnhordland i UE samanheng. Det gjer dei med stort engasjement og fagleg tyngde.

 

Videoar frå Fylkesmessa: