Bli med på StartOpp-kurs 14. februar

Atheno StartOpp-kurs er eit tilbod til deg som er nysgjerrig på å starte eigen bedrift. Her får du tips om kva som er smart å tenke på før ei etablering. Du får også møte gründerar og delta i morosam og lærerik  gruppeoppgåve.

Du treng ikkje ha ein eigen forretningside for å delta. Kurset er gratis, men det er «fyrst til mølla-prinsippet» som gjeld. Det er plass til 30 deltakarar. Meld deg på i dag. Håpar me sjåast!

Tid: Onsdag 14. februar kl. 17.00 – 20.00

Stad: Atheno AS, Vabakkjen 6 (Verket)

Bindande påmelding: Send mail til nina@atheno.no. Oppgje namn, telefonnummer, og kva kommune du tilhøyrer.

Arrangør: Atheno AS i samarbeid med kommunane Bømlo, Fitjar, Tysnes og Stord