SkatteFUNN miniseminar på Bømlo og Stord den 9. april

Planlegg du å utvikle eit nytt produkt eller ei ny teneste? Eller har du en idé om korleis di bedrift kan produsere på ein smartere måte? Atheno inviterer i samarbeid med Forskingsrådet til SkatteFUNN miniseminar.

Tid/stad: kl. 09.00 – 12.00 hos Viergo på Bømlo

Tid/stad: kl. 13.00 – 16.00 hos Atheno på Vabakkjen

SkatteFUNN er ei skattefrådragsordning for bedrifter som utviklar nye eller bedre varer, tenester eller produksjonsprosessar. SkatteFUNN kan bidra med finansiering når du har eit målretta og avgrensa prosjekt for å oppnå dette og bedrifta di har nytte av resultatet.

I 2017 kom det inn 3977 søknader frå heile landet innan garantifristen.

Lurer du på om SkatteFUNN er noko for di bedrift? Kom på SkatteFUNN miniseminar. På seminaret vil du få ei kort innføring i kva muligheiter du har for økonomisk støtte gjennom SkatteFUNN, og kva du må legge vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt.  I siste del av seminaret er det muligheit for korte individuelle samtaler.

Program

  • Kva er SkatteFUNN og for kven?
  • Kva kan støttast?
  • Kva er eit godt SkatteFUNN-prosjekt? – Kvalitetskriteria
  • Prosjekteksempel
  • Komme i gang; Innlogging og oppretting av søknad, søknadsskjema, gjennomføring og rapportering
  • Muligheit for korte individuelle samtalar

Meld deg på til: ole.jacob@atheno.no (Merk påmelding med ditt namn og kva bedrift du representerer.)

Seminaret blir arrangert i samarbeid med Forskingsrådet og Mobiforsk.