Det er høg aktivitet i inkubatoren vår for tida. Møbeldesignprodusenten Nuen er blant dei nye bedriftene. Det same er Sunnhordland Technologies som jobbar fram kortreiste systemløysingar for effektiv produksjon i industribedrifter.
-Det skjer svært mykje spennande i mange av inkubatorbedriftene for augneblinken. Totalt tel den no 18 verksemder. Desse sysselset mellom 30 og 35 personar. Og fleire av dei har eit stort vekstpotensiale – noko som er ein viktig faktor for å komme inn under inkubasjonsprogrammet. Det er utruleg kjekt å sjå, seier inkubatorleiar Kjetil Djuve.
Gode tilbakemeldingar frå Siva som er med og finansierer inkubatorprogrammet, synleggjer at inkubatoren fungerer slik den er tenkt.
-Me ser at Siva verdset den måten me har rigga inkubatoren, og at deltaking her gir dei unge bedriftene høve til betre vekstvilkår enn om dei sto utanfor inkubatoren. Men aller mest varmar det å sjå at dei tek i mot ny kunnskap om forretningsutvikling, og at det er ein dynamikk internt der mange av bedriftene dreg nytte av kvarandre og samarbeider på tvers av fagområder og bransjar. I tillegg ser me effekten av at me sit tett på industriklynga lokalt. Dei større lokale bedriftene og virkemiddelapparatet elles er alltid på tilbodssida. Det er positivt og ein ekstra god kvalitet i Sunnhordland , slår Djuve fast.
Dei 18 inkubatorbedriftene fordeler seg på kommunane Bømlo (3), Stord (12), Tysnes (2) og Austevoll (1).
Deltakande bedrifter i Atheno Inkubator 2019:
Nuen:Design og produksjon av møblar med skandinavisk design
Sunnhordland Technologies AS: Servicetenester knytt til industriell verksemd
Bømlo Fiskerihamn AS:Prosjektering av fiskerihamn med moderne infrastruktur
Neptune Pharma AS: Formulering, design, produksjon og eksport av norskprodusert helsekost
EduCube AS: Interaktive leker og work-shops for læring
Sunnhordland Naturgass AS: Produksjon og leveranse av naturgass og biogass
Skag Design AS: Reklamebyrå med eige trykkeri
Stord Folkehøgskule AS:Etableringa av folkehøgskule
Billity AS: Telekommunikasjon
SoftwareControl AS:IT-verktøy for EL-kontrollørar til bruk for dokumentasjon og rapportering
Sindre Larsen Gårdsdrift ENK: Inn på tunet-gard med tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester
SAGO Solutions AS: Utviklar innovative løysingar retta mot den internasjonale autolineflåten
Podtown AS: Leverer kompakte og mobile overnattingssystem
Njord Aqua AS: Tenester til oppdrettsnæringa og kystnær industri ved hjelp av fjernstyrte undervassfarkostar (ROV)
Funkworks AS: Utviklar og leverer komplette IT system
Energi5 AS: Design og produkt for energisparing
Blikk Design AS: Reklamebyrå med tilbod om grafisk design og trykk
…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………..
Visste du at
Sivaer statens virkemiddel for tilretteleggande eigarskap og utvikling av bedrifter og nærings- og kunnskapsmiljøer i heile landet.
Atheno Inkubator er ein av 34 programoperatørar for Sivas inkubasjonsprogram. Og skal bidra til etablering og utvikling av nye vekstbedrifter og skape vekst i etablert næringsliv. Inkubatorane skal tilby eit fagleg og sosialt miljø kor gründerar, bedrifter, akademia, FoU- miljø, investorar og andre vert kopla saman.
…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………