Haugaland Kraft og Sunnhordland Eiendomsinvest har i haust gått inn på eigarsida i Atheno. Dei to selskapa representerer ulike bransjar og komplimenterer dei andre aktørane som allereie er på eigarsida. På møte i slutten av oktober ynskte dagleg leiar Astrid Kjellevold og styreleiar Lars Solberg i Atheno, Olav Linga (Haugaland Kraft) og Svein Hatlevik (Sunnhordland Eiendomsinvest) velkommen som eigarar og til spennande samarbeid i tida kjem.