Den 22. januar er det oppstart for «delA» – eit nytt tilbod for byggebransjen i Sunnhordland. Programmet går over tre samlinger med ulike temaer og innleiarar.
- Me ynskjer å gjere ein skilnad for bedriftene i denne bransjen i Sunnhordland. Initiativet til programmet kjem frå bransjen sjølv, fortel prosjektleiar Ole Jacob Eide. Utfordringar med dårleg lønsemd og effektivitet var blant signala som vart gitt til Atheno. Difor er både «beste praksis» og økonomi viktige deler av dei tre samlingene. – Me har fått med oss dyktige folk i Bygg21, samt fleire lokale innleiarar. I tillegg til foredrag vert det også lagt opp til diskusjonar og høg grad av deltakarmedverknad undervegs, fortel Eide vidare.
Det er plass til 30 deltakarar på samlingene og det er fyrst til mølla-prinsipet som gjeld. Påmelding til: ole.jacob@atheno.no. PS! Meir info? Ta gjerne kontakt på mail eller direkte til Aase Lilleskare Lund eller Ole Jacob Eide i Atheno.