UTSETT INNTIL VIDARE: Atheno leiarutviklingsprogram

Denne våren tilbyr Atheno eit heilt nytt leiarutviklingsprogram. Hovudinnleiar i programmet er førsteamanuensis i arbeids- og organisasjonspsykologi ved Handelshøyskolen BI, Olav K. Olsen.

Programmet går over 7 dagar fordelt på fire samlingar frå mars til juni månad. Det vert lagt opp til ein god miks av spennande forelesingar, ulike øvingar og case, ulike testverktøy og eigeninnsats frå deltakarane mellom dei ulike samlingene. Ynskjer du meir info om programmet, ta kontakt med dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold.