Den siste veka har på uvanleg kort tid endra kvardagen til særs mange verksemder, både små og store. Og alle bransjar vert berørt på ulike vis. Atheno får mange henvendingar, og arbeidar no på fleire hald for å hjelpa. Både inn mot den enkelte verksemd, og inn mot politiske aktørar og verkemiddelapparatet.
Atheno ynskjer, i samarbeid med Torstein Skage, Sparebanken Vest, Tveit Rekneskap og Responsa å invitera til webinar 25. mars, kl 09.00 og kl 13.00. Her vil me sjå nærare på ulike plikter og tiltak i forbindelsen med økonomisk usikkerhet knytt til Covid-19 situasjonen:
…..
Klikk her for påmeldingsskjema
NB! Innhaldet i punkt 6 i påmeldingsskjemaet er feil. Temaet for dei to webmøta er som skildra nedanfor her.
….
Program:
Del 1:
- Kl 8.45 – 9: Innsjekk i møterommet
- Kl 9.00-9.15: Introduksjon
- Kl 9.15 – 9.40: Styrets ansvar ved økonomisk usikkerhet(sjå eksempel til punkter under)
- Kl. 09.40-10.10: Permitteringar; særskilte forhold no, generelle utfordringar, kortsiktig permittering kontra oppseiingar; Kva bør eg tenke på allereie no dersom bedrifta kan komme til å måtte sei opp tilsette? (Sjå punkter under)
- Kl. 10.10-10.15: Oppsummering
Del 2:
- Kl 12.45: Innsjekk i møterommet
- Kl 13.00-13.10: Introduksjon
- Kl. 13.10-13.30: Juridiske utfordringar og problemstillingar, spesielt innan produksjon/entreprenør/bygg/prosjektleveransar som stoppar opp (sjå punkter under)
- Kl. 13.30-13.50: Finansieringsmoglegheiter for å møte likviditetsutfordringar(lån, kassekreditt, nye/aktuelle tiltak)
- Kl. 13.50-14.00: Oppsummering og avslutning
…….
Styrets ansvar og plikter:
- Plikten til å føre tilsyn med selskapets økonomi – tiltak
- Inntektene droppar og gjelda står – må man kaste korta?
- Avtalebaserte kreditorforhandlingar eller i regi av retten
- Viktigheten av å dokumentere vurderingar og tiltak
- Du tar risiko på vegne av selskapet – når blir man personleg ansvarlig?
Kontraktar:
- Kva rett har du til å trekke deg frå ein kontrakt du har inngått?
- Kan du få utsatt leveringen?
- Du er ikkje i stand til å levere til kundane dine, må du betale erstatning for forsinka levering? Kan avtalen terminerast?
- Korleis handtere ein leverandør/samarbeidspartnar som ikkje leverer?
- Coronakrisa rammer din likviditet – har du rett til å få utsatt betalingar?
- Kva bør du ta inn i nye kontraktar?
Arbeidsforhold:
- Retten til å permittere
- Delvis permittering
- Korleis du skal gå fram
- Kva kostar det bedrifta– Kor mykje får man frå NAV?
- Barnepass
- Er oppseiing eit meir riktig alternativ?
- Sjølvstendige næringsdrivande eller tilsett i eige AS – Kva yt ytingar NAV ved inntektsbortfall?
…..
Det er eit tak på 20 deltakarar. Dersom det vert stor pågang, vil det verta vurdert å gjennomføra fleire økter seinare.
……..