Det er med stor glede at Atheno i samarbeid med Kværner og HVL kan invitere til Forskafabrikkens sommarskule 2020. Tilbodet er for dei som skal byrje i 5. klasse – 7. klasse til hausten.
- På Forskarfabrikkens Sommarlab skal ungane utforske elektriske kretsar, kjemiske reaksjonar og fornybar energi. Me kan love ei veke med kule eksperiment, kodeknekking, mystiske oppgåver og mykje meir, fortel prosjektleiar i Atheno, Nina Østensjø.
Kurset går over fem dagar ei veke i sommarferien. Her får ungane oppleve naturvitenskap på ein heilt ny måte. Deltakerne får teste teori ut i praksis når dei utfører eksperiment, bygger maskinar, knekker kodar og mykje meir.
- Det handlar om å vise ungane at realfag kan vere skikkelig gøy! På kurset skal dei også utforske elektriske kretsar, kjemiske reaksjonar og ulike former for fornybar energi, fortel Østensjø vidare.
Verda i dag står overfor store utfordringar knytt til miljø og berekraft. Naturvitenskap og teknologi vil vere nøkkelen til å løyse mange av desse problema. Det er difor viktigare enn nokon gong å gje ungane gode føresetnader for å lykkast med realfaga.
På årets Sommerlab ynskjer me å gje ungane framtidsoptimisme ved å vise og forklare korleis forsking kan vere med på å løyse problem. At Atheno, Kværner og HVL saman kan tilby dette for elevane i Sunnhordland synes eg er utruleg stas. Samarbeidspartnarane skal ha skryt for at dei i eit krevjande år for alle prioriterer dette, avsluttar Nina Østensjø.
Me kan love ei veke med kule eksperiment, kodeknekking, mystiske oppgåver og mykje meir!
Nina Østensjø, Atheno
Kva: Forskarfabrikken 2020 veke 32 (3.–7. august) – Mandag til fredag kl. 09–15.
Kor: Høgskulen på Vestlandet, Campus Rommetveit
Påmeldinga opnar: 22. april kl. 09.00
Pris: 2195,-
Kontaktperson : Nina Østensjø , nina@atheno.no mob: 92660776
Påmelding i lenka under: