Atheno vil i saman med Tveit regnskap arrangere økonomikurs for etablerarar 27 oktober kl. 09.00-14.30. Kurset vert på Atheno, Vabakkjen 6.
På kurset vil ein blant anna ha fokus på ulike selskapsformer, skattereglar, budsjett, korleis lese og forstå eit rekneskap. I tillegg vil ein gje informasjon om korleis ein skal føre eit rekneskap.
Kurstilbodet vårt er betalt av det offentlege, og er difor gratis for deg. Dersom du uteblir frå ei påmelding utan å melde fra minst 24 timar før kurset, ser me oss nødt til å fakturere deg kr. 300,-.
Påmelding til reidun@atheno.no Merk påmeldinga med “Økonomikurs”.
PROGRAM:
09.00 – 09.15 Velkomen og kort informasjon frå Atheno
09.15– 10.00 Val av selskapsform
- Føretaksformer
- Skattereglar for enkeltpersonsføretak kontra aksjeselskap
- Korleis starta som enkeltpersonsføretak og enda opp som aksjeselskap?
10.00 – 11.30 Budsjett
- Investeringsbudsjett
- Driftsbudsjett m/salsbudsjett
- Likviditetsbudsjett
11.30 – 12.00 Lunsj
12.00 – 13.00 Korleis lese og forstå eit rekneskap?
- Resultat og balanse
- Gode råd for styring og utvikling av bedrifta
13.00 – 14.30 Korleis føre rekneskap?
Kurshaldar: Silvia Tofte og Inger Helene Mortveit, Tveit Regnskap