Kven kan søkje/kriterar:
• Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som kan dokumentera inntektstap og/eller
særlege kostnader som følgje av pandemien.
• Reiseliv, arrangement og serveringsnæringa vil bli prioritert.
• Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av kapitalbehovet og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan maks søkjast om kr 100 000,-.
• Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte.
Korleis søkje:
Søknad skal skje gjennom www.regionalforvaltning.no.
Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Fitjar – 6».
Dokumentasjon på tap/kostnader bedrifta har hatt etter 1 juni skal leggast ved søknaden.
Vurdering av søknadar
Atheno vil på vegne av Fitjar kommune handsama søknadane. Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling.
Søknadsfrist: Siste frist for innsending av søknad er 20. februar 2022.
For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, kontakt Reidun Rykkje, Atheno. reidun@atheno.no Tlf 917 45 102