Solcellesamling for private

Lurer du på om det er ein lur idé å legge solceller på eige tak? Den 23. mars inviterer me til ei samling for deg som er nysgjerrig på dette. Me har invitert Niklas Sørensen i Los Elektro til å fortelje korleis du går fram, og kva som er lurt å tenke på, - og me har invitert John Bjordal som fortel om sine førsteårserfaringar med sol på taket.

Tid: 23. mars kl. 17.00-18.30

Stad: Atheno, Vabakkjen 6

Bindande påmelding til reidun@atheno.no (Merk påmelding solcellesamling for private)

NB! Arrangementet er gratis (påmeldte som ikkje møter vert fakturert med kr. 300,-, då me har avgrensa antal plassar og ynskjer å fylle lokalet mest mogeleg).

Program