Atheno arrangerer komprimert kurs i praktisk styrearbeid torsdag 28 september.
Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar. Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.
Tematikk:
• Styret sin juridiske rolle og ansvar
• Styret sine oppgåver og fokusområde
• Styret sitt samspel med administrasjonen
• Styremøta
• God verksemdleiing
• Styreevaluering
Tid: Torsdag 28 september 2023 kl. 09-14.30
Stad: Vabakkjen 6 (Atheno sine kontorlokale)
Pris: Kr. 1900 pr person (inkludert lunsj)
(Bindande påmelding)
Kurshaldar: Lars Solberg, styreleiar i Atheno
Ta kontakt med Reidun Rykkje på epost reidun@atheno.no for påmelding eller meir informasjon.