Frukostarrangement – 8 mars

Atheno inviterer til frukostarrangement fredag 8. mars kl 08-10 med tema Kvinnehelse – ein unytta ressurs?​

Innleiar er Marte Halstensen.  ​Marte er 34 år og bur på Stord. Ho er ​utdanna lærar og statsvitar, og er i dag tilsett som friluftslærar hjå Stord folkehøgskule. Marte vil gjennom sitt innlegg ​setje fokus på korleis kvinnehelse påverkar ​kvardagen og reflektere over kva dette har å seia for bedrifter​ og ikkje minst samfunnet vårt. 

Det vert servert frukost frå kl. 08.00 og innlegget startar ca 08.30.​

Arrangementet er gratis, men grunna avgrensa med plass må me ha påmelding til reidun@atheno.no

Siste frist for påmelding er 5 mars.​

Det vil verta fakturert kr. 200,- dersom ein er påmeldt og ikkje møter.  ​