Dei som har svart på undersøkinga er svært positive til å bli spurt om kva dei meiner om utbygging av t.d. sol og vind, atomkraft. Og i kommunane Stord, Bømlo og Kvinnherad har vi fått mange nok svar til å avslutte undersøkinga.
– No er vi veldig spente på resultatet og om det er skilnad mellom kommunane, seier leiar av Invest in Sunnhordland, Lene Pilskog. Men for at vi skal få eit fullgodt svar på skilnadane mellom kommunane må vi ha fleire respondentar i frå Austevoll, Tysnes, Fitjar, Sveio og Etne. I desse dagar går siste purring ut til respondentar i desse kommunane.