Styrekurs 28 november

Atheno arrangerer nytt kurs i praktisk styrearbeid torsdag ​28. november. Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar. Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.

Tematikk: ​

• Styret sin juridiske rolle og ansvar ​​

• Styret sine oppgåver og fokusområde ​​

• Styret sitt samspel med administrasjonen ​​

• Styremøta ​​

• God verksemdleiing ​​

• Styreevaluering ​​

Tid: Torsdag 28. november 2024 kl. 09-14.30 ​​ 

Stad: Vabakkjen 6 (Atheno sine kontorlokale) ​​

Pris: Kr. 2500 eks.mva pr person (inkludert lunsj)​

(Bindande påmelding) ​​

Kurshaldar: Lars Solberg, styreleiar i Atheno​​

Ta kontakt med Reidun Rykkje på epost reidun@atheno.no for påmelding eller meir informasjon.