Kontordag på Tysnes 11 februar

GRÜNDER
Går du med ein ide som du ønskjer å drøfta med oss i Atheno? Tysdag 11. februar vil Atheno ha kontordag på rådhuset i Uggdal. 

Atheno AS er Tysnes kommune sin samarbeidspartnar innan næring. 

I Atheno arbeider me med forretningsutvikling knytt til selskap i etableringsfasen, unge bedrifter og etablerte bedrifter. Atheno sine tilsette har lang erfaring i å rådgje bedrifter for å sikre trygg og god drift. Atheno spelar også på lag med andre aktørar i verkemiddelapparatet for å kunne gje kvar einskild bedrift best mogleg oppfølging og rådgjeving. 

Ta kontakt med reidun@atheno.no om du ynskjer ein uforpliktande samtale knytt til ein ide eller forretningsutvikling for di bedrift, så avtalar me eit tidspunkt for møte.

GRÜNDER