Kontordag på Tysnes 24 september

Atheno AS er Tysnes kommune sin samarbeidspartnar innan næring. Onsdag 24 september vil Atheno ha ny kontordag på rådhuset i Uggdal.

I Atheno arbeider ein med forretningsutvikling knytt til selskap i etableringsfasa, unge bedrifter og etablerte bedrifter. Atheno sine tilsette har lang erfaring i å rådgje bedrifter for å sikre trygg og god drift. Atheno spelar også på lag med andre aktørar i verkemiddelapparatet for å kunne gje kvar einskild bedrift best mogleg oppfølging og rådgjeving.

Ta kontakt med reidun@atheno.no om du bur på Tysnes og ynskjer ein uforpliktande samtale knytt til ein ide eller forretningsutvikling for di bedrift, så avtalar me eit tidspunkt for møte.