Kontordagar på Bømlo

Atheno AS er Bømlo kommune sin samarbeidspartnar innan næring. Onsdag 11 februar vil Atheno ha kontordag på kommunehuset på Svortland.

I Atheno arbeider ein med forretningsutvikling knytt til selskap i etableringsfasa, unge bedrifter og etablerte bedrifter. Atheno sine tilsette har lang erfaring i å rådgje bedrifter for å sikre trygg og god drift. Atheno spelar også på lag med andre aktørar i verkemiddelapparatet for å kunne gje kvar einskild bedrift best mogleg oppfølging og rådgjeving.

Ta kontakt med reidun@atheno.no om du bur på Bømlo og ynskjer ein uforpliktande samtale knytt til ein ide eller forretningsutvikling for di bedrift, så avtalar me eit tidspunkt for møte.  

Dato for vidare planlagde kontordagar:

11. mars

8. april

13. mai

17. juni