Kontordag i Sveio 3 mars

Atheno AS er Sveio kommune sin samarbeidspartnar innan næring. Tysdag 3 mars vil Atheno ha kontordag på kommunehuset i Sveio.

I Atheno arbeider ein med forretningsutvikling knytt til selskap i etableringsfasa, unge bedrifter og etablerte bedrifter. Atheno sine tilsette har lang erfaring i å rådgje bedrifter for å sikre trygg og god drift. Atheno spelar også på lag med andre aktørar i verkemiddelapparatet for å kunne gje kvar einskild bedrift best mogleg oppfølging og rådgjeving.

Ta kontakt med reidun@atheno.no om du bur i Sveio og ynskjer ein uforpliktande samtale knytt til ein ide eller forretningsutvikling for di bedrift, så avtalar me eit tidspunkt for møte.